0-0 MOT FLORØ I SJANSERIK OG DRAMATISK KAMP

Det vart 0-0 mot Florø i laurdagens skjebnekamp i Firdaligaen. Dermed er vi no avhengig av å slå Årdal i siste kamp, og i tillegg ha hjelp i ein av dei andre kampane.

At denne kampen enda 0-0 må kunne kallast eit under. Begge lag brende gedigne sjansar og spesielt var det surt at ikkje vi scora på den enorme sjansen Stian fekk då han heada i stolpen 4 minutt på overtid. Det ville ha vore ei perfekt avslutning på ein dramatisk kamp.


Samstundes skal vi vere ærlege nok til å innrømme at det slett ikkje var ufortent at Florø fekk med seg eit poeng på båten heim igjen. Etter ein jamn 1.omgang var det fotrappe og teknisk gode FSK-laget best etter pause.


Sjeldan har vi sett ein 0-0 kamp med fleire og større sjansar enn dette. Det vart difor ein særs sjåverdig kamp 200 entusiastiske tilskodarar fekk sjå. Både heimepublikum og tilreisande florøværingar gjorde sitt for å skape stor stemning og flott ramme rundt denne viktige kampen.


Når vi først er i gong med å dele ut ros vil vi også gje honnør til dagens kampleiar. Vidar Hilmen frå Øystre Slidre i Valdres dømde på Dingemoen for første gong og leia denne kampen på ein framifrå måte.


Situasjonen om dei to siste plassane i den nye 3.divisjon er framleis uavklara. Sogndal 2-Tornado Måløy spelar den siste kampen i denne runda på måndag, og resultatet her vil også spele inn på utgangspunktet for serieavslutninga.


Det vi i alle fall kan slå fast at vi må vinne mot Årdal på Jotun stadion. I tillegg er vi avhengige av «rett resultat» i ein av kampane Fjøra-Eid og Florø-Sogndal 2. 


Det betyr at vi har eit vanskeleg utgangspunkt, men på ingen måte umogeleg. Og ein ting er i alle fall sikkert; det blir ein «rysare» av ei serieavslutning!


Dagens Dale-spelar:   Knut Strand Løseth


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Florø 0-0


Dingemoen stadion


200 tilskodarar


Gult kort: Idar Haugen Rochlenge, Dale


Dommar: VIdar Hilmen, Øystre Slidre


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Runar Aune, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Tor Ivar Aase Dale, Einar Furset


På benken:


Kristian Aase (for Eirik i 59. min), Alexander Myklebust (for Vegard i 68. min), Kennet Vik (for Runar i 73. min), Stian Neset (for Einar i 83. min), Anders Furset, Einar Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm