3.PLASS I KM-INNANDØRS

Det vart 3.plass til Dale 1 i KM-innandørs i Førdehuset laurdag. Vi slo Jølster i bronsefinalen etter at vi måtte gje tapt for turneringsvinnar Florø i semifinalen.

Sjølvsagt er det litt surt å vere så nær finalen, men vi må likevel seie oss nøgde med innsatsen. Etter tre strake sigrar i innleiinga slo vi Vikane og Saga før det var stopp mot Florø i semifinalen. Mot Jølster i bronsefinalen var vi på vinnarsportet igjen og vann 2-0.

Følgjande spelarar deltok på "bronselaget":

Tor Ivar Aase Dale, Eirik Svorstøl, Runar Aune, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Kristian Aase, Vegard Dyrstad

Også Dale 2 gjorde ein flott innsats og nådde kvartfinalen. Dei slo overraskande ut Fjøra i 8-delsfinalen på sudden death, men måtte gå rett på kvartfinale utan pause og då vart det tungt. Dei var i realiteten sjanselause mot Jølster og tapte 4-0.

Både Dale 3 (reint gutelag) og damelaget rauk ut etter innleiinande runder.

Alle resultata frå turneringa finn du her:
http://kxweb.no/portal/public/tournament/main.do?tournamentId=145&siteId=160