Dale sine J15 og J16 har i helga spelt Åpningscupen i Bergen. Begge laga kom til kvartfinalar etter å ha spelt fleire gode kampar mot dyktige Bergenslag. J15 vart til slutt slått ut av Os som vart Norgesmeistarar i fjor med laget sitt, medan J16 gjekk på eit surt tap mot Fyllingen.
Jentene skal òg ha skryt for å ha godt humør gjennom ei slitsam helg. I tillegg viser dei god moral når dei ligg under, og jamn jobbing både framover og bakover på bana fører til eit par herlige opphentingar. Her må spesielt J16 sin seier mot Årstad trekkast fram. Nokre småfeil i angrepsspelet og forsvarsspelet gjer at Dalelaga ikkje når heilt opp denne gongen, men spelarane skal vere godt fornøgde med til tider fantastisk spel og god innsats frå samtlege spelarar!
For Dale spelte Andrea Boge Solås, Amalies Ness, Rebekka Øen, Kjerstin Boge Solås, Sofie Stensæth, Oda Nedrebø, Kristiane Løseth Haugen, Iris N. Andreassen, Johanne Langeland (J16), Tone S. Løseth (J16) og Ingrid Hovland (J16).