A-LAGET FRAMLEIS UTAN SIGER

Heller ikkje mot eit ordinært Førde 2 lukkast det for A-laget å ta årets første siger. Etter å ha leia 1-0 ved pause vart det bom stopp i 2.omgang og vi gjekk på eit pinleg tap på kunstgraset på Hyllestad.Denne kampen burde vi ha punktert i 1.omgang etter fleire feite sjansar. I staden slapp vi Førde inn igjen i kampen og utfrå 2.omgang var det ingenting å seie på at dei tok med seg alle tre poenga.

Med fattige eit poeng på fem kampar blinkar for alvor varselklokkene. Vi må berre innsjå at dette blir ein kamp på knvien for å halde plassen. Pr. i dag er vi ikkje eit hakk betre enn tabellen viser og vi må heve oss mange hakk om poengfangsten skal betrast.

Dagens Dale-spelar:    Eirik Systaddal

Kampfakta, 4. divisjon

Dale – Førde 2 1-2 (1-0)
Hyllestad stadion
ca. 100 tilskodarar

Mål:
1-0 13 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm
1-1 56 min. Ghiorgita Marius Ion
1-2 59 min. Magnus Bjørvik

Gule kort: Runar Aune, Martin Tonning, Kristoffer Rogne, Eirik Systaddal, Dale og Kristoffer Angedal, Førde

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Kim Frode Solheim, Runar Aune, Christopher Skadal, Kristoffer Rogne, Eirik Systaddal, Jonas Døving Nordal, Jan-Anders T. Wichstrøm, Kennet Vik, Magne Hillersøy

På benken:
Vegard Ulvik, Simen Stølen (for Magne i 63. min), Henrik Kummeneje (for Jonas i 63. min), Martin Myklebust (for Kim Frode i 63 .min), Alexander Høie (for Kennet i 75. min), Vegard Vesterås, Vegar Kjos