A-LAGET SIKRA STERKT BORTEPOENG

Ei sterk opphenting sytte for at Førde 2 måtte avgje årets første poeng i møte med våre beste menn på Hafstad idrettspark måndag kveld. 3-3 vart stillinga etter at Førde leia 3-1 ved pause.Vi henta opp både 0-2 og 1-3 og må såleis sei oss godt nøgde med eit poeng mot serieleiaren. Etter at Førde var det beste laget i 1.omgang kom vi langt meir med etter pause, og det var ikkje ufortent at vi kunne reise heim att frå fylkessenteret med eit poeng.

Kampfakta 4.divisjon

Førde 2 – Dale 3.3 (3-1)
Hafstad idrettspark

Mål:
1-0   3 min. Robert Skarstein
2-0 18 min. Daniel Kvalvågnes
2-1 33 min. Martin Tonning
3-1 43 min. Daniel Kvalvågnes
3-2 55 min. Nickolai Macpherson
3-3 82 min. Jan-Anders Tonning Wichstrøm

Gule kort:
Eirik Kvamme, Gisle Isene, Førde, og Alexander Myklebust, Eirik Systaddal, Dale

Dommar: Asbjørn Grinde Håre, Fjøra

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegard Vesterås, Alexander Myklebust, Martin Tonning, Kim Frode Solheim, Henrik Kummeneje, Eirik Systaddal, Ashab Muskadzjijev, Einar Aase, Nickolai Macpherson, Jan-Anders Tonning Wichstrøm

På benken:
Norodd Myklebust, Kennet Vik (for Ashab i 52. min), Kristian Aase (for Henrik i 63. min), Sander Eikevik Dyrstad (fpr Nickolai i 90. min), Christopher Skadal