Gutar 12 igang med sesongen

Då er Dale sitt G12 lag i gang med serien. Vi møtte Høyang torsdag 3.mai på Dingemoen kunstgrasbane.Gutane var klar for å komme i gang, og spela ein bra første omgang, der vi hadde presset dei første 20 min. Høyang gjekk opp til 0-1 på eit godt plassert frispark. Andre omgang var meir jamn spela med eit vist press frå Høyang i periodar. Dale gjorde nokre forandringar på laget etter å ha vore pressa ei stund, men klart ikkje å hindre Høyang i å score to fine mål til i denne omgangen.
Dale gutane lovar å komme sterkare igjen utover våren.