BIRKEN 2010

3 våte syklistar frå Dale IL Sykkel var laurdag med på (Søle)Birken! Frode Hellebust imponerte i sin deby og vart best frå Dale med tida 4.37.41.

Tre syklistar frå Dale IL Sykkel deltok laurdag på Birkebeinerrittet mellom Rena og Lillehammer. Heile 17000 syklistar var påmeldt, men mange måtte melde pass både før start og i løpet av rittet. Kun ca 14 000 fullførte dei 95 km over fjellet.


Best av våre vart debutanten Frode Hellebust. På tross av dei vanskelege tilhøva påstod han at han hadde hatt ein kjempetur og kosa seg heile vegen. Det å fullføre under slike tilhøve på tida 4.37.41 er ein stor prestasjon.  Nett bak kom Kjetil Felde som deltok for tredje gong, i år på tida 4.38.17. Kjetil hadde hatt tekniske problem gjennom rittet, og hadde truleg hatt noko bedre tid dersom dette hadde vore unngått. Tredjemann frå Dale var Ståle Brattelid som fullførte sitt 4. birkebeiner-ritt i år, men med to punkteringar og store delar av rittet utan bremser og gir gjorde til at rittet vart spolert, og kom til slutt i mål på tida 6.14.20.


Erfaringane frå rittet er likevel at dette ynskjer vi å vere med på. Håpar at fleire vil vere med på Birken, og at vi kan verte ein bra gjeng som reiser nedover neste år. Med to søleritt etter kvarandre, er sjansane gode for at det til neste år vert bra ver, statistisk sett… Men våre erfaringar er og at ein må stille godt forberedt, og at sykkel og utstyr på vere tipp-topp.


Ståle