BRAKTAP PÅ HEIMEBANE

Onsdagens kamp mot Florø 2 på Dingemoen vart ei pinleg affære. Vi tapte heile 6-0 etter å få fått ein katastrol start på kampen med 0-5 etter ein halvtime.
Vi hadde rett nok den første, store sjansen i kampen, men deretter var det slutt. Det unge Florø 2-laget var oss totalt overlegne og vi får berre vere glad vi unngjekk større siffer.Dagens Dale-spelar:     Martin Tonning

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Florø 2 0-6 (0-5)
Dingemoen idrettspark
ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1   7 min. Kristoffer Ryland 
0-2   9 min. Kristoffer Ryland
0-3 13 min. Ole Sivertsen
0-4 24 min. Kristoffer Ryland
0-5 30 min. Kristoffer Ryland
0-6 61 min. Fredrik Avsnes

Gule kort: Kennet Vik, Jan-Anders T. Wichstrøm, Nickolai Macpherson, Dale og Emil Aadland, Florø 2

Dommar: Inge Seglem, Årdal

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegard Vesterås, Alexander Myklebust, Kim Frode Solheim, Geir Loneland, Kristoffer Rogne, Martin Tonning, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Jan-Anders T. Wichstrøm, Kennet Vik

På benken:
Norodd Myklebust, Nickolai Macpherson (for Kim i 22. min), Sander E. Dyrstad (for Kennet i 37. min), Kristian Aase (for Sander i 70. min), Bendik Vik (for Henrik i 76. min), Vegar Kjos, Christopher Skadal