Damer Dale-Eikefjord

Damelaget vårt i 7’ar fotball susar vidare med flotte resultat

Onsdag kveld var det Eikefjord som var motstandar på kunstgraset, og Dale damene gav seg ikkje før det stod heile 8-1. Damene imponerte med feiande flott fotball og fine mål. Forutan firemålsskorar Aina Heggøy, vart det scora mål av Lisa, Ine, Ingrid og Vilde.


 


Desse jentene deltok: Sandra Sørebø, Amalie Haugsbø, Karina Hugøy, Florence Hamper, Lisa Lykkebø, Aina Heggøy, Kine Tangedal, Ine Osland, Isabel Lisboa, Vilde Løland, Siri Tangedal, Ingrid Hòvland og Sandra Brattelid.