FINALETAP FOR VEGARD

Vegard kom ikkje på scoringslista då Sogndal tapte 2-1 for Karanba i finalen i eliteturneringa for junior i Sognahallen. Det brasilianske laget avgjorde kampen på overtid.Alt i alt kan Vegard seie seg svært godt nøgd med innsatsen i turneringa. 5 mål og skryt frå trenarane Flo og Butler må vere godt å ta med seg heim igjen i treningskvardagen.

Meir om finalen og turneringa kan du lese på www.sogndalfotball.no