FOREDRAG AV EVEN JARSTAD

Even Jarstad kjem heim til Dale i jula, og vil då halde foredrag om prestasjonsfremjande trening for betre kondisjon. Foredraget vert på Dale Vgs 29. Desember kl 1700. Dei fleste kjenner Dale-katen Even Jarstad frå før, han treng difor ikkje vidare presentasjon. Det ikkje alle er klar over er at Even har mastergrad i kondisjonstrening, og at han til dagleg arbeider som testleiar ved Noregs Idrettsmedisinske institutt i Oslo, der han både testar og held foredrag for både vanlege mosjonistar og toppidrettsutøvarar. Han er difor ein stor ressurs for oss som trenar uthaldsidrettar i Dale IL, og det er difor gledeleg å meddele at Even på førespurnad frå Dale IL Sykkel har sagt seg villig til å halde eit foredrag i Dale i romjula, der han gjev gode råd om trening. Foredraget vil vare i 3-4 timar, og vil og innehalde ein bolk om korleis testing av kondisjon vert gjennomført. Temaet er lagt opp rundt trening på sykkel, men dette vil og passe godt for andre kondisjonsidrettar som ski, løp m.m.

Foredraget vert i audiforiet på Dale Vidaregåande Skule onsdag 29.des kl 1700.

Bindande påmelding til Ståle Brattelid på stabratt@online.no eller SMS til mob nr 951 02565 innan 26/12. Kurset er gratis for medlemer i Dale IL.