FORTENT BORTEPOENG MOT JØLSTER

Vi tok årets første bortepoeng då vi heldt Jølster til 0-0 på Skei stadion onsdag kveld. I ein ikkje altfor innhaldsrik kamp brende kvart lag nokre gedigne sjansar. Uavgjort var difor eit greit resultat.For vår del var poenget viktig av fleire grunnar. Vi braut tapsrekka på bortebane, unngjekk at Jølster auka avstanden til oss og ikkje minst så hjalp det godt på stemninga i laget å få med seg eit anstendig borteresultat.

No ventar knappe to veker ferie før vi startar førebuingane til ein haustsesong der det må plukkast godt med poeng om vi skal stå i divisjonen.

Kampfakta, 4.divisjon

Jølster – Dale 0-0
Skei stadion

Gule kort:

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Lagoppstilling:
Tommy Holm, Christopher Skadal, Martin Tonning, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Jonas Døving Nordal, Richard Skår, Simen Stølen, Frank Vik

På benken:
Vegard Vesterås (i 36. min for Frank), Geir Loneland (i 87. min for Martin), Sander Eikevik Dyrstad, Stian Neset