FORTENT TAP MOT JØLSTER

A-laget tapte 2-0 for Jølster på Skei stadion fredag kveld. Vi kan vel ikkje sei noko anna enn at jølstringane tok ein fullt fortent siger etter ein svak kamp frå vår side. Tor Ivar sitt glitrande keeperspel redda oss unna eit langt styggare tap.Jølster produserte meir enn nok sjansar til å punktere kampen før pause, men utruleg nok stod det 0-0 etter 1.omgang.
Eit tidleg Jølster-mål i 2.omgang vart etterfølgd av fleire store sjansar til heimelaget, men Tor Ivar rydda meisterleg opp i det meste.

Først i det 85. minutt fekk vi vår første sjanse då Jølster-keeper fekk slått Kristian sitt gode skot i stolpen. Ballen rulla langs streken, men symptomatisk nok for kampen var det ingen av våre frampå og fekk sett returen i mål.

På overtid fekk Magne ein gigantisk sjanse til å redde eit høgst ufortent poeng, men skaut over frå 5-6 meter på blankt mål. I staden var det Jølster som kontra inn 2-0 5 min på overtid etter at vi sende alle mann opp (inkl. Tor Ivar) på eit frispark.

No står det att ein kamp før ferien, mot Sogndal 2 heime neste måndag. Skal vi ha heng med teten etter halvspelt sesong må det bli 3 poeng her.

Kampfakta, 4.divisjon

Jølster – Dale 2-0 (0-0)
Skei stadion

Mål:
1-0 49 min. Tom Erik Sandal
2-0 95 min. Oddne Årdal

Gule kort: Eirik Svorstøl og Kristoffer Rogne, Dale + eit par til Jølster.

Raudt kort: Nils Arne Dvergsdal, Jølster (85. minutt)

Dommar: Kaj Inge Fløde, Stadlandet

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Kristian Ask, Geir Loneland, Eirik Svorstøl, Christopher Skadal, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Alexander Myklebust, Vegard Dyrstad, Simen Stølen, Jan-Anders Tonning Wichstrøm

På benken:
Vegard Ulvik, Einar Aase (for Kristian i 34. min), Kristian Aase (for Kristoffer i 58. min), Magne Hillersøy (for Simen i 61. min), Henrik Kummeneje (for Jan-Anders i 80. min), Vegard Vesterås