Dale tok imot AHIL til årets siste kamp på Dingemoen onsdag kveld. Stillinga ved pause var 2-1 til Dale.AHIL vart for sterke mot slutten og vann 4-2. Med dette resultatet enda Dale på 3. plass i serien bak Tambarskjelvar og AHIL.
Dette er sterkt med tanke på at Dale er eit lag som består av 3 årganger (99, 98 og 97) og dermed er yngre i snitt enn dei fleste andre.
I denne sesongen har desse vore med:
Hanne, Johanne, Margrethe (vår), Ann-KAtrin, Ronja, Tuva, Ota, Åsta-Johanne, Jeanette, Kjersti, Kjerstin og Sara.
Takk til foreldra som har delt på å vere lagleiarar for jentene.