God innsats i Birken

11 syklistar frå Dale gjennomførte laurdag Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer. Hege Vagstad tok sitt andre merke på to forsøk.Den 20. utgåva av Birkebeinerrittet vart arrangert i strålande sol og under perfekte tilhøve, til ein forandring. Dei føregåande tre åra har det vore vått og kaldt, noko som har gjort turen krevande både for syklist og sykkel. Det var difor ein skikkeleg opptur å gjennomføre årets ritt. Dei gode tilhøva gav også svært gode tider på samtlege frå Dale, dei fleste som har sykla før sette nye personlege rekordar. Også debutantane Arvid, Stein og Anne Tove presterte imponerande tider på dette rittet som er 94,6 km. Vår bestemann vart Terje Ulltang som sykla på 3.44.59. Desverre for Terje var dette eit minutt for seint til å klare merket. Einaste som klarte merket i år var Hege Vagstad som kom i mål på 3.55.53. Dette heldt til merke med god margin, og heldt og til ein flott 21. plass i klasse K30. 

Her er resultatliste for dalingane.

Plass Navn Klubb Startnr. Tid Totalplass Pulje
Klasse: K30, (Kvinner 30 – 34 år) Makstid: 04:29:08
21 Vagstad, Hege Dale IL 9414 03:55:53   33
Klasse: K35, (Kvinner 35 – 39 år) Makstid: 04:23:24
121 Sande, Anne Tove Dale IL 14159 04:32:14   49
Klasse: K45, (Kvinner 45 – 49 år) Makstid: 04:23:44
195 Hovland, Linda Dale il sykkel 17675 04:50:34   61
Klasse: M35, (Menn 35 – 39 år) Makstid: 03:43:59
753 Ulltang, Terje Dale il sykkel 9096 03:44:59   32
Klasse: M40, (Menn 40 – 44 år) Makstid: 03:39:05
1199 Hellebust, Frode Dale il sykkel 11368 03:50:01   40
1236 Haugen, Arvid Dale il sykkel 10019 03:50:52   35
1338 Felde, Kjetil Dale il sykkel 8014 03:54:23   29
1345 Helle, Øivind Dale il sykkel 9857 03:54:45   35
1458 Valvik, Stein Dale il sykkel 11806 03:58:37   41
1672 Brattelid, Ståle Dale il sykkel 13095 04:08:07   46
2430 Felde, Are Even Dale IL 17316 05:33:49   60