GRØNEHOLTEN OPP 2010

Også i år arrangerer Dale IL -fotball mosjonsløpet Grøneholten Opp. Løpet vert avvikla laurdag 7. august kl. 14.00 som ein del av programmet i Dalsfjordveka.

Grøneholten Opp er eit mosjonsløp på ca. 2.230 meter frå Demma opp til Grøneholten som ligg 430 m.o.h.
Dette er den mest brukte turløypa i Dale.

Løpet er eit tilbod både for mosjonistar og dei som ønskjer å konkurrere.
Mosjonsklassen startar først – konkurranseklassen startar ca. kl. 15.00.

Vinnartida i fjor var på rett under 15 min. Greier nokon å slå den i år..???

 

Du finn også informasjon om Grøneholten Opp på facebook.