Gutar 13/14 med sterk siger over Førde 2

Smågutane vitja Førde fredag kveld. På ei hard kunstgrasbane og med høge skuldrar spelte gutane ein svak førsteomgang, men gjekk allikavel til pause med 0-2 leiing.

Etter pause viste gutane seg frå si beste side og etter 15 minutt spel leia dei 0-7. Etter dette slapp gutane ned tempoet og resten av omgangen var jamspelt. Førde fekk 2 «heldige» reduseringsmål dei siste 5 minutta.


Måla vart skora av Simen, Sigbjørn, Sindre, Henrik og Tommy. Sluttresultatet 2-7.


 


Fylgjande spelarar deltok: Aksel, Sondre, Øyvind, Vegard, Endre, Henrik, Sigbjørn, Christopher, Sindre, Simen,  Fredrik, Tommy, Erlend og Lauritz