Gutar 13/14 «snubla» mot Tambarskjelvar

Så kom årets første tap for smågutane!!
Etter å ha vore suverene i stort sett alle kampar vi har spelt denne sesongen, kom vårt første tap i går kveld.

Etter 16 ubesigra kampar hittil i år (15 sigrar, 1 uavgjort), vann Tambarskjelvar  3-1 på ein kald haustkveld, i Naustdal.


Våre gutar spelte nok ikkje opp mot sitt beste denne kampen, men spelte likevel  til tider god fotball, med mange gode kombinasjonar. Vi styrte store delar kampen mot ein motstandar som la seg lavt. Sjansar hadde vi mange av, men  skota gjekk enten utanfor eller dei vart redda av ein god keeper.


Vi tek med oss det positive i denne kampen, og byggjer vidare på det. No står det att 3 kampar av kampsesongen, og vi satsar på å gå sigrande ut av desse.


Målet vårt vart scora av Henrik..



Desse stilte for Dale: Øyvind, Aksel, Sindre, Vegard, Tommy, Laurits, Erlend, Bendik, Endre, Sander, Simen, Henrik, Christopher, Sigbjørn



Jørn