Gutar 13/14 vann serien

Med 12-0! siger i lokaloppgjeret mot AHIL i mandagens utsatte kamp tok gutane heim sigeren i si 2. divisjons avdeling. Vi gratulerer med ein flott gjennomført sesong!

Smågutane avslutta sesongen slik som dei starta den, nemleg med ein solid siger.  At kampen vart ein så solid siger for vår del skuldast i første omgang at vi spelte god fotball i store delar av kampen. Det må samstundes seiast at Askvoll Holmedal. mangla to sentrale spelarar, samt at dei spelte med fleire unge spelarar. Likevel skal spelarane ha all honnør for nok ein godt gjennomført kamp på slutten ein lang sesong.

Haustsesongen enda med 9 sigrar og 1 tap, noko som gav oss ein klar 1, plass i serien. 

Desse spelte mot Askvoll Holmedal: Aksel, Øyvind, Endre, Vegard, Simen, Tommy, Erlend, Christopher, Sander, Henrik, Stig, Sindre, Bendik, Sigbjørn,

Målscorarar; Simen, Sigbjørn, Bendik, Sander, Sindre 

1 Dale 10 9 0 1 72 – 12 60 27
2 Tambarskjelvar  10 8 1 1 41 – 21 20 25
3 Florø 2  9 3 2 4 34 – 28 6 11
4 Førde 2 10 2 4 4 20 – 33 -13 10
5 Gaular 8 1 1 6 15 – 30 -15 4
6 Askvoll og Holmedal 9 0 2 7 12 – 70 -58 2