Gutar 14 – Danacup

Dale sitt smågutelag spelte fire kampar i Danmark. Her følgjer ei kort oppsummering av kampane til Dale.

Her er namna på spelarane til smågutelaget til Dale som deltok på DanaCup:


 


Lauritz Arstein, Tommy Flekke, Sander Dyrstad, Henrik Kummeneje, Christopher Skadal, Sigbjørn Skogly, Aksel Strand, Erlend Strand, Simen Stølen, Bendik Vik, Sindre Ulvik, Vegard Ulvik, Jørgen Nedrebø og Sondre Myklebust. 


Trenarane Gunnar Ulvik, Jørn Dyrstad og Knut Arne Kummeneje leia laget.


 


Kamp 1:  Dale – Førde 1       1 – 1


Det blei eit lokal-derby i den første kampen.  Tenk å reise heilt til Danmark for å spele mot Førde!  I denne kampen opna Dale friskt.  Det var tidleg på morgonen tysdag 13. juli, og Dale-spelarane såg mest våkne ut i første del av kampen og fekk ei tidleg skåring ved Simen Stølen.  Førde-spelarane våkna meir etter kvart og utlikna midtvegs i andre omgang.  For Dale hadde Vegard Ulvik i mål fleire gode redningar.  På tampen hadde Dale ein ball i mål som blei – noko tvilsamt – avblåst for off side.  Dette var kanskje Dale sin beste kamp i turneringa.


 


Kamp 2:   Dale – Valetta Nursery (Malta)   0 – 3


Seinare på dagen, tysdag 13. juli, møtte Dale Valetta Nursery frå Malta.  Kampen opna i høgt tempo.  Valetta fekk eit tidleg mål på straffespark, og gjekk også etter kvart opp i ei to-målsleiing.  Seinare i kampen brente Dale eit straffespark.  Situasjonen som førte til straffesparket, der Sander Dyrstad blei felt, resulterte i at Valetta sin keeper blei utvist.  Sjølv om Dale var ein mann meir, klarte dei ikkje skåre mål – sjølv om dei pressa hardt mot slutten.  Då går det slik det ofte går – når ein jagar som mest – at motstandaren lagar mål på kontring.  Slik vann Malta-laget heile 3 – 0, noko som gir eit litt feilaktig bilete av kampen som var ganske så jamnspelt.


 


Kamp 3:   Dale – Hossmo (Sverige)   0 – 1


Onsdag 14. juli møtte Dale-gutane Hossmo frå Sverige.  Kampen gjekk på hovudarenaen i Fredrikshavn.  I denne kampen dominerte Dale.  Ballen var stort sett på svenskane sin banehalvdel mesteparten av tida.  Trass store sjansar, klarte ikkje Dale-spelarane å skåre mål.  Kampen såg ut til å gå mot uavgjort – då svenskane fekk skåring nesten ut av ingenting.  Dale-forsvararane venta innlegg frå Hossmo sin venstreving.  Om det var med hensikt eller ikkje, får vi nok ikkje svar på.  Det blei ikkje innlegg, men eit veldig bra skot som gjekk i mål heilt inne ved den næraste stolperota frå den skråe vinkelen – ein overraskande og vanskeleg ball å ta for Vegard i mål.  Her kan ein seie at svenskane hadde flaks og vann ein heldig siger.  Dette tapet gjorde at Dale blei sist i si gruppe.  Med uavgjort hadde Dale blitt nummer 3.  At Dale blei sist, resulterte i at dei skulle møte trear-lag frå ei anna gruppe i B-sluttspelet.  Hadde dei blitt nummer 3, ville dei møtt eit nummer 4-lag.


 


Kamp 4:   Dale – Stars and Stripes (USA)   1 – 2


I denne første kampen i B-sluttspelet, torsdag morgon kl 08.30, var Dale igjen uheldig i opningsminutta og fekk eit mål imot.  Då amerikanarane gjekk opp i ei 2-0-leiing seinare i omgangen, såg det dårleg ut for Dale-gutane.  Men i andre omgang auka innsatsen, og amerikanarane blei pressa bakover på bana.  Det var heilt tydeleg at spelarane frå Stars and Stripes prøvde å hale ut tida ved å gå langsamt etter ballen når den var ute av spel.  Ut i omgangen fekk Dale tildelt eit litt heldig straffespark – ikkje heilt utan dramatikk.  Den amerikanske trenaren protesterte slik på denne dommaravgjersla at han blei utvist frå baneområdet.  Simen Stølen skåra sikkert frå ellevemeteren, og blei toppskårar og den einaste som laga mål for Dale med sine to nettkjenningar.  Dette tapet gjorde at Dale-gutane kunne ta fri frå fotballen og finne på andre ting den siste tida i Danmark.


 


Det er mykje positivt å seie om Dale-laget i denne turneringa.  Dei møtte god motstand og viste at dei spelte jamt mot alle laga.  Men i fotball er det måla som tel.  Det blei berre med to nettkjenningar totalt. 


Uansett er det ei god erfaring og oppleving å ta med seg vidare – å vite at ein trass alt kan halde følgje med sjølv dei gode.