Gutelaget med tap og siger i sesongavsluttninga

I forrige veke tapte gutelaget 2-5 mot Tambarskjelvar i Naustdal. Resultatet kom etter ein kollektiv svikt av samtlege spelarar og var ein trist forestilling sett med «Dale auge». Torsdag fekk vi besøk av den suverene serieleiaren Balestrand som ikkje hadde tap i årets haustsesong.I denne kampen viste gutane fram dei gode ferdigheitane frå tidlegare i sesongen. Førsteomgang var jamnspelt, men Dale gutane hadde trykket og leia 1-0 til pause. I andre omgang fekk vi samla lagdelane og det vart spel mot eit mål. Til tross for mange gode angrep, mangla det litt i avsluttningane. At sluttresultatet berre vart 2-0 viser ikkje det rette kampbiletet.
Med 19 poeng på 10 kampar (reultatrekka 6-1-3) tok gutane ein flott 2. plass i 2. divisjon bak Balestrand. Trenerane vil nytte høvet å takke gutane, foreldre, dommarar og alle andre som har delteke for ein flott gjennomført sesong.

Fylgjande spelarar har delteke gjennom sesongen:
Vegard U, Vegard V, Sigbjørn, Sindre, Sander, Tommy, Bendik, Even, Jan Erik, Jørgen N, Jørgen K, Halfdan, Henrik, Christopher, Einar, Odd-Helge, Ole Martin, Simen og Øyvind 
 
  P1020225.JPG