Handb.: 4 av laga våre kjempar i toppen

Etter halvspelt sesong leiar damene 4. divisjon. J18, J 16 og J14 ligg som nummer to. Andre halvdel av sesongen startar i helga med to kampar i Fjalerhallen laurdag (7.1)Dei siste to åra har Dale vore beste klubb i Sogn og Fjordane innan aldersbestem jentehandball. Så langt denne sesongen er både J18, J16 og J14 med blant dei beste laga og har gode muligheiter i kampen om fylkes- og regionsmeisterskap.

Damelaget har enda som nummer to dei siste to sesongane. I år er muligheitene for opprykk til 3. divisjon betre enn nokon gong.
På laurdag (i morgon) møter dei Eid på heimebane. Eit lag dei slo 39-16 på bortebane tidlegare i haust. Ein viktig og mulig avgjerande kamp kjem allereie mot Stryn (nr 2) på bortebane kommande torsdag. Med siger her vil mykje vere avgjort med omsyn til opprykk.

Håpar flest mulig tek turen i hallen i morgon og støttar Dale jentene. 

Først ute er Jenter 12 som spelar mot Florø 2 kl. 10.50
Damekampen startar kl. 16.00

For tabell og resultat – sjå handball – resultat og tabeller.