Med siger mot Haugen 18-8 og Breimsbygda 18-2 er Dale sine handballjenter, J14 klar for 1. divsjonsspel etter nyttår.
Haugen – Dale: 8 – 18
Breimsbygda – Dale: 2 – 18 Spelarar: Åsta Johanne S. Sætenes, Martine Håland, Kjerstin Boge Solaas, Jeanette Myklebust Øksenberg, Kjersti Hovland, Sara Eikevik Dyrstad, Ota Garre-Fivelsdal, Marte Huseklepp, Tuva Garre-Fivelsdal, Astrid Solheim, Margrete Svardal og Ronja Helle. Det var duka for ein kjekk (og lang) handballdag for Dale sitt j.14-lag laurdag 26.november. Opplegget var hektisk og nøye planlagt: første kamp mot Haugen på Eid, for deretter å springe i bilen for å rekke ferja til Sandane, der kampen mot Breimsbygda skulle spelast. Vi hadde ikkje meir tid enn vi trengde, så når vi fekk beskjed om forseinkingar på Eid, vart trenar og sjåførar lettare stressa. Jentene tok det knusande med ro, og konsentrerte seg mest om kampen motdåverande tabelleiar Haugen. Kampen kom endeleg i gong, men laga brukte nokre minutt på å komme skikkeleg i gong. Dalejentene viste mange og flotte redningar, imponerande forsvarsspel og eit angrepspel med høgt tempo, fantastiske finter og gode avslutningar. Jentene rista etter kvart av seg all respekt dei hadde for Haugen-spelarane, og målskilnaden mellom laga fortsette å auke. Dale gav seg ikkje før det stod 8-18 på tavla, noko som vi var særs godt nøgde med. Det gler vi oss stort til!! 🙂 🙂 ![]()
|
|