Handb.: Partnerklubbsamarbeid mellom Dale og Årstad

Dale har inngått partnerklubbsamarbeid med Årstad IL i Bergen for sesongen 2011/12.Avtalen betyr at Årstad vil fungere som prestasjonsklubb og Dale som partnerklubb. Samarbeidet omfattar Damer senior og Jenter 18.
Årstad har Damelag i både 3. og 1. divisjon samtidig som dei har lag som har delteke i landsserien for J18, dvs. Spar-serien.

I høve utvikling av lag og spelarar blir dette veldig spennande for oss. Allereie no i samband med kvalifisering til Spar-serien i midten av september har Årstad invitert 6 spelerar frå Dale til å vere med på Årstad sitt lag. 

I tillegg til dette vil det og vere ein fin muligheit for dei som flyttar til Bergen for å studere eller jobbe til å kunne spele for Årstad sitt damelag og samtidig spele på Dale. 
Siste året har vi hatt avtale med Nordnes (som no har gått i lag med BHK) der Lise Mari Bakkebø har spelt både 2. divisjon i Bergen og enkelte kampar for Dale.