Handball – uavgjort og siger for J16

Dale sine J16 opna sesongen med uavgjort mot Jotun (28-28) og siger mot Jotun 2 29-22.

Dale – Jotun 28-28
J16 opna sesongen med ein hard og tøff kamp mot Jotun i Årdalshallen.
Alle var nokså spente på kva for eit lag vi skulle møte. Vi visste at Jotun hadde tapt med 3 mål mot Gloppen, og rekna med at vi fekk ein jamn kamp. Dale gjekk raskt angrep og måla kom tett dei første minutta, men så vakna Jotun og då vart kampen mykje jamnare. Vi var i leiinga med 3 mål til pause. Etter kvilen var kampen fortsatt jamn, og det svinga ein del i prestasjonane for jentene. Jotun var kjapt i ryggen på oss, og spelte knalltøft i forsvar. Keeperane våre fekk i periodar ikkje mykje hjelp av forsvaret framfor seg, då dei sleit med å sette taklingane og blokke skudd. 20 sekund igjen av kampen og vi scora etter eit godt angrep og var i leiing 28-27. Jenten klarte å stoppe Jotun sine forsøk på å score, til det var 1 sekund igjen og dommaren blåste frikast for Jotun. Direkte frikast, og alle Dale-jentene stilte opp på streken og strekte seg så lange dei var. Men ein god Jotun-spelar sette frikastet hardt og kontant rett i lengste krysset, utagbart for Andrea.
Resultatet viser at vi ikkje har noko problem med å score mål, men vi må jobbe endå tøffare og tettare i forsvar og stenge igjen bakover. Då vinn vi desse jamne kampane.
Lag og målscorarar: Andrea – Iris – Ingrid 5 – Jeanette 7 – Johanne 1 – Kjerstin 5 – Kristiane 2 – Oda – Rebecca 7 – Tone 1
 
Dale – Jotun2  29-22
Etter 1,5 time pause var jentene klare for ny kamp, denne gangen mot Jotun2.
Også her gjekk vi tøft ut og leia heile første omgang. Jentene var mykje tøffare i forsvar, klarte å sette taklingane sine og braut opp spelet til motstandaren. Og dette gjorde også at vi fekk ein del kontringar. Til pause var vi i leiing 13-9. Andre omgang var ganske lik første, vi scora jamnt og trutt. Men dei fleste begynte no å merke at dei hadde hatt ein hard kamp mot førstelaget til Jotun. Sidan Kristiane ikkje kunne spele denne kampen pga vonde kne, så hadde vi berre 1 innbyttar. Det vart ikkje lange pausane før dei måtte utpå parketten igjen. Alle gjorde ein solid innsats gjennom heile kampen, og hadde til og med krefter til nokre kontringar heilt på slutten.
Lag og målscorarar: Andrea – Iris – Ingrid 9 – Jeanette 7 – Johanne 1 – Kjerstin 4 – Oda 1 – Rebecca 3 – Tone 4 (Kristiane spelte ikkje denne kampen)
 
Neste kamp blir på bortebane mot Førde2 – tysdag 4.oktober kl. 20:45