Handballsesongen 2013/14

Handballsesongen 2013/14 starta med arrangement i hallen sist helg 21.-22.9 med kampar for gutar 10.
Minner om at all informasjon om kampar og resultat ligg som snarvegar/linkar på handballen sine sider til høgre i menyen.Sist helg spelte gutar 10 to kampar mot Fyllingen i Fjalerhallen. Spenninga var stor før kampen om vi kunne klare å matche etter rykta eit godt lag frå Bergenskanten. Kanskje eitt av Norge beste meinte nokre av gutane.

Det er lite tvil om at treninga no før sesongen har gitt resultat. Mykje bra spel, stor innsats og mange flotte mål. Gleda var sjølvsagt heilt på topp når gutane gjekk seirande ut av den fyrste kampen med 8-6. Litt ned att på jorda etter andre kampen der Fyllingen vann 10-13. Etter ein dårleg 1. omgang henta Dale sine gutar seg noko inn att i andre omgang. 
Alt i alt var vel alle fornøygde og spesielt kjekt å få lag frå Bergen på besøk.

Søndagen var dei fleste på fotballturnering i Askvoll og Fyllingen spelte to kampar mot Florø.

Etter den gode innsatsen mot Fyllingen blir det spennande å fylgje laget vidare i sesongen. 

Vi ynskjer gutane og dei andre Dale-laga lykke til med årets handballsesong.

På bilde:
Fremst – Noah Rørvik Solheim, På kne Håvard Hovland, August Pedersen Hovland. Bakerst frå venstre, Elias Neset, Robin Ness, Sivert Igelkjønn Åsnes, Eliv Lindelid, Herman Skadal, Viljar Standnes