HAUSTSTART FOR A-LAGET

I morgon går startsskotet for ein spennande haustsesong for A-laget då vi møter Balestrand borte.
Vi startar med eit knalltøft program med 4 kampar på 11 dagar.
Vi er glade for å kunne fortelje at vi går til haustsesongen med eit forsterka lag, og har gleda av å ønskje både Ole Petter Mundal og Kees Erstad tilbake i Daletrøya. Begge er speleklare i morgon og vi er trygge på at dei vil bidra positivt i kampen for å halde plassen!