Hederleg innsats av herrelaget – seier for Damene

Herrelaget holdt godt følgje med Førde i første omgang, men bortelaget vart for sterke og vant til slutt 35-22. Damelaget vant begge sine kampar mot Stryn med 36-17 og 29-25.

Herrelaget som hadde sin første kamp i Fjalerhallen, holdt godt følgje med Førde i første omgang. Stillinga ved pause var 13-10. Førde med noko meir rutine (og pondus) vart for sterke og vant til slutt kampen 35-22. Allikevel er det på sin plass og gi stor honnør til herrane som tider varta opp med godt spel.

Desse var med på laget (tal må i parantes): Knut S. Løseth, Harald Ness (2), Vegard Dyrstad (4), Tor Ivar Aase (3), Jostein Vagstad, Einar Berg (2), Jonny Pedersen (9), Sergei Grashchenko (1), Kristoffer Hatlevik (1)

 

Damelaget møtte Stryn i dobbelkamp der ein i første kampen hadde god kontroll og styrte kampen. Stillinga ved pause var 14-9 og sluttresultatet 35-17.

Spelarar og målskorar var: Margrethe Skaar og Caroline Løseth (keeprar), Elise Sofie Solheim (9), Lise Marie Bakkebø (6), Sigrid Strand (3), Stine Mari Myklebust (5), Malin Vik (6), Thea Nistad Sunde (3), Amalie Myklebust (2), Lisa Lykkebø (2)

I den andre kampen var det betydeleg jamnare og mykje meir spanande. Stryn leia med eit til to mål i byrjinga av kampen sjølv om Dale kom meir med etterkvart. Stillinga ved pause var 13-13. Utover i andre omgang fekk Dale betre grep og struktur på eige spel og vant til slutt 29-25.

Spelararstallen var lik som i første kampen. Målskorarar var: Elise (3), Lise Marie (4), Malin (8), Thea (6), Amalie (8).