J13/14 med årets første tap

Kampen fredag ettrmiddag mot Gaular var venta å verte ein tett jamn kamp – og det vart det.

Gaular kom best igang og hadde ballen mest i første omgang utan å skape veldig mange sjansar. Dale skapte ein del halvsjansar men var ikkje presise nok i siste trekka. Til pause stod det 0-0.


Andre omgang fortsette som første, og Gaular tok heldig leiinga 1-0 på corner. Etter dette trykte Dale på og skapte sjansar med mellom anna redning på streken. Gaular punkterte kampen like før slutt på eit fantastisk mål. Dette også på corner. Det er ikkje ofte vi ser corner slått høgt inn som vert heada i vinkelen i denne serien!


Oppsummert ein tett jamn kamp på ei flott men lita 7’er bana som kunne enda med siger begge vegar – sjølv om Dale idag var ujamne i prestasjonane.