J15 med seier mot Bremanger

Jente 15 spelte sin andre kamp for sesongen og vant mot Bremanger med 23-9.

Dale leia komfortabelt gjennom heile kampen. I første omgang fungerte det meste veldig bra og stillinga ved pause var 14-3. Innøvde trekk, bevegelse i angrep og spel i forsvar fungerte bra og bortimot alle spelarane teikna seg på skoringslista. Andre omgang bar preg av at ein hadde ei komfortabel leiing ved pause slik at intensitet og fokus på oppgåvene ikkje var like god som i første omgang. Totalt sett – god innsats av alle.

Spelarar (mål i parantes):

Andrea B. Solås (målvakt), Amalie Ness, Jeanette Øksenberg (2), Susann S. Hjartholm (1), Sofie Stensæth (1), Ode Nedrebø (5), Ingrid Hovland (6), Kristiane Løseth Haugen (3), Rebecca Øen (5)