Dale og Loen spelte torsdag kveld semifinale på nøytral bane på Skei istaden for 2 kampar heime/borte. Kampen starta jevnt og laga var litt forsiktige i starten.Eit kvarter ut i omgangen tok Loen leiinga etter litt klabb og babb inne i feltet. Etter dette tok Dale meir og meir over av banespelet. Første etter en halv time utlikna Dale. Deretter kom 2 kjappa nydelege mål og stillinga til pause var leiing 3-1.
I starten av andre omgang hadde Loen eit par store sjansar til å redusere utan å klare det. Istaden for skora Dale 2 gonger og kampen var i praksis avgjort. Loen reduserte til 5-2 like før slutt.
Imponerande kollektiv innsats av desse glade jentene:
Ota (1), Åsta-Johanne, Kjerstin (1), Amalie, Guro, Kristiane (1), June, Silje Marie og Eivor (2).
No venter Florø eller AHIL i finalen.