JENTELAGET BEST MOT SERIELEIAREN

Dale sine jente 15/16 møtte fredag Bjørn IL frå Gaupne på kunstgraset. Bjørn er ubeseira så langt i år, og vann tilsvarande kamp i Gaupne med heile 10-4. I dag var heimelaget best og vann 6-3

Dale hadde til denne kampen fått tre nye spelarar frå Hyllestad. Andrea, Kristin og Ingvild viste seg å vere gode forsterkningar, og heimelaget køyrde over Bjørn i store periodar. Spesielt 1.omg var prega av einvegskøyring og mange spolerte sjansar for Dale som gjekk til pause med ei 2-0 leiing. I andre omgang kom Bjørn meir med i kampen, og utlikna kjapt til 2-2.  Dale var like raske til å gå opp att til 4-2, og derifrå og ut var det ingen tvil om kven som skulle hente alle poenga. Mange flotte mål av Dale-jentene idag, der Ingrid sette inn 4 mål og to vart scora av Kristin, det eine ei verkeleg perle!


Desse var med: Sandra, Rebekka, Andrea, Gina, Ine, Lisa, Ingrid, Ingvil og Kristin.