Jentelaget med årets første tap

AHIL starta kampen klart best på kunstgaset i Askvoll mandag kveld. Dei gjekk tidleg opp i 3-0 leiing. Jentene jobba seg etterkvart inn i kampen og tok over føringa.Ut over i første omgang var Dale klart best spelemessig. AHIL var gode og effektive på kontringar. Stilinga til pause var 6-4 til AHIL.
2. omgang var ikkje så god spelemessig. Vi vart for upresise og fekk brudd imot på veg framover. Dette utnytta jentene frå AHIL godt og kom stadig i overtall 3 mot 2. Sluttresultatet vart 9-4 og ein fortjent siger til eit hardt kjempande AHIL-lag, sjølv om kampen var meir jamnspelt enn resultatet viser.

For Dale spelte: Åsta-Johanne, Ota, Ingrid N, Ingrid H (1), Amalie, Guro, Eivor, Kristiane (3), Andrea og Kjerstin.