Jenter 13/14 avslutta med siger 11-0

Årets siste kamp var heime mot Jølster tirsdag kveld. Vi har ikkje avgitt poeng heime iår og gjorde det ikkje i kveld heller.

Dale var mange hakk betre enn Jølster og vann til slutt 11-0. I dag var alle jentene med og det vart derfor mange byter. Til tross for dette viste jentene igjen stor speleforståing og spelte ut Jølster i heile kampen.


Idag skora Sara, Kjersti, Kjerstin, Ota, Andrea, Ingrid, Jeanette og Kristiane (4).


Sesongen vart gjennomført med 13 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap. Målforskjelen var heile 113-24 som var best av alle. 40 poeng heldt likevel kun til 2.plass.


Heilt upartisk kan vi stolt seie at vi var det beste tekniske laget som spelte flottast angrepsfotball gjennom heile sesongen.


Takk til jentene for ein flott sesong:


Ota, Jeanette, Kjersti, Kjerstin, Sara, Åsta Johanne (1997).


Rebecca, Amalie, Guro, Ingrid, Frida, Andrea og Kristiane (1996).


042.JPG


(Kjerstin og Sara er ikkje med på biletet)