Jenter 13/14 med ny storsiger

Siger mot Eikefjord fredag kveld i Dale.

I flott vårver tok vi imot  Eikefjord til årets 3.kamp. Jentene var litt spente før kampen sidan dette var eit lag dei ikkje har spelt mot før.


043.JPG


Dale tok initiativet frå start, og leia 4-0 allereie etter nokre få minutt. Stillinga ved pause var 8-0 og sluttresultatet vart heile 21-1. Viktigare enn resultatet var det fine spelet som jentene fekk til. Dette gleda dei frammøtte foreldra og vennane.


Gratulerer med flott spel og innsats.


For Dale spelte Åsta Johanne, Kjersti, Jeanette, Ota, Frida, Guro, Amalie, Ingrid, Rebecca, Andrea og Kristiane.