Jenter 13/14 med siger 16-1

Dale seplte borte mot Eikefjord på ei flott grasmatte fredag kveld. Kampen opna jevnt fram til det var gått 10 minutt.

Herfrå var det Dale dominans. Det eine angrepet vart rulla opp etter det andre. Eikfjord har eit par svært gode som tidleg i kampen fekk gå på raid og skape nokre farlege situasjonar. Vi spelte i vår vante 2-3-1 formasjon på ei veldig smal bane. Til pause leia vi 9-1.


Etter pause testa vi ny formasjon. 2-1-1-2 med ein defansiv og ein offenv midtbanespelar og to spissar som låg breitt. Då oppnådde vi 2 ting – vi fekk stoppa dei sentrale raida og kom sjøv hurtigare i angrep. Vi skora 7 mål i andre omgang men etter sjansane burde det vore minst 10 meir. Vi hadde 6 skudd i stolpane og Eikefjord sin gode keeper redda mange.sjansar i andre omgang.


Måla vart skora av Kjersti (1), Ingrid (3), Frida (1), Jeanette (5) og Kristiane (6). I tillegg spelte Guro, Amalie, Ota og Andrea strålande.. Sporty av Andrea og Jeanette som stod i mål i kvar si omgang. 4 jenter stod over kampen.


Ros tll jentene frå Eikefjord for flott innsats sjølv om måla «rann» inn.


J13-14-2.jpg