Småjentene spelte fredag kveld borte mot Hyllestad 2. Etter 3 store sigrar tok jentene litt lett på oppgava.
Dale tok leiinga 2-0 tidleg og skapte masse sjansar – så sleppte dei Hyllestad inn igjen i kampen med 2 mål etter litt puslete spel. Dale gjekk likevel til pause med 3-2 leiing. I andre omgang vakna jentene og styrte inn til 8-2. Etter sjansar kunne det vore minst dobbelt så mange mål.
For Dale spelte Sara, Kjersti, Kjerstin, Rebecca, Amalie, Guro, Andrea, Frida og Kristiane.