Jenter 13/14 med vanskeleg bortekamp

Dale spelte borte mot Tambarskjelvar fredag kveld som er eit av dei tre laga vi kjemper i toppen med.

Dale starta kampen godt og første del av omgangen var ganske jamn med halvsjansar til begge lag. Dale tok leiinga 1-0 ved Kristiane etter flott angrepsspel. Utover i omgangen spelte vi flott fotball og skapte masse sjansar. Stillinga til pause var var likevel 1-0.


Tambarskjelvar tok initiativet etter pause og utlikna til 1-1. Her glapp vi litt med presset og dei fekk skyte fritt. Dei pressa i denne perioden og hadde fleire farlege dødballer. Vi jobba oss inn i igjen i kampen og tok igjen ledelsen etter flott skot frå Ingrid. Vi overtok spelet igjen og pressa dei bakover. Utlikninga kom 5 minutt før slutt på eit heldig skot. Dei siste mintta var eit stormløp mot Tambarskjelvar sitt mål med bom for ope mål, skot i stolpe og tverrliggar og dei redda på streken. Kampen ebba likevel ut med resultatet 2-2 – noko jentene var litt skuffa over.


Desse var med idag: Guro, Ota, Rebecca, Åsta, Amalie, Kristiane, Ingrid, Andrea, Frida og Kjerstin.


Dale leiar no serien med 1 poeng meir enn Gaular 1. Laga har litt ulikt tal kampar og det er 6 kampar igjen der dei 4 topplaga møter kvarandre – så alt kan skje.

























Kampar Poeng
Dale 13 34
Gaular 1 13 33
Tambarskjelvar 11 28
Hyllestad 1 10 27


Gjenståande nøkkelkampar:


Hyllestad 1 – Tambarskjelvar


Gaular 1 – Tambarskjelvar


Tambarskjelvar – Hyllestad 1


Dale – Gaular 1


Hyllestad 1 – Dale


Gaular 1 – Hyllestad 1