Jenter 15 med knepent tap i Stryn

Jenter 15 fekk det som forventa tøft mot Stryn i bortekampen søndag.I denne kampen stilte Dale med 1 på 13, 6 på 14 og 2 jenter på 15 år mot eit Stryn lag med kun ei under 15 .

Dale opna kampen jevnt med Stryn og heldt dei til 6-6 midtvegs i første omgang. Så kom ein periode med feilpasningar og spel med høg risiko, som Stryn utnytta godt og gjekk opp til 11-7 ved pause.

Dale starta andre omgang bra og tok raskt innpå Stryn men låg heile tida 1 til 2 mål bak. Sluttresultatet vart 22-19.

Godkjent innsats av jentene, og det var spesielt positivt at dei heva seg i andre omgang og at dei skora 19 mål mot ein så god motstandar. Kampen viste også at dei har litt å jobbe med forsvarsmessig utover.

For Dale spelte: Susann, Tone, Andrea, Kjerstin, Oda, Amalie, Rebecca, Sofie og Kristiane.