Jenter 15/16 med sterk siger

Jentelaget møtte Tambarskjelvar til det som var venta å vere ein vanskeleg bortekamp. Dale fekk ein tøff start på kampen.Dale tok initiativet frå start og spelte fin fotball. Vi fekk ikkje uttelling og mot spelets gang skora vertane 2 ganger. Dale produserte bøttevis med sjansar men ballen ville ikkje i mål. 5 minutt før pause reduserte Dale, men like etterpå fekk Tambarskjelvar straffe etter hands. Denne redda Åsta-Johanne mesterleg og stillinga til pause var 2-1.

Andre omgang starta med kjempespel frå Dale si side som iløpet av nokre minutt snudde frå 2-1 til 2-5. Etter dette kontrollerte jentene resten av kampen og rulla opp angrep etter angrep. Sluttresultatet vart 8-3 til Dale etter ein godt gjennomført kamp.

Idag spelte (mål i parantes):
Åsta-Johanne, Ota, Kjerstin, Ingrid N (1), Andrea (1), Rebecca, Amalie, Guro, Kristiane (3), Silje Marie, Ingrid H (3).