Jenter 15/16 med storsiger

Jentelaget møtte onsdag eit ungt Syril lag på heimebane. Kampen vart aldri spennande. Dale spelte fin fotball dei første 25 minutta og gjekk opp i leiing 5-0. Vi datt i presisjon og intensitet på slutten av omgangen og stillinga til pause var 6-1. Andre omgang var einvegs spel mot Syril målet, men Dale jentene klarte kun periodevis å halde oppe tempoet. I desse periodane rulla vi opp via kantane og med direkte avslutningar på mål på innlegg. Sluttresultatet vart heile 17-1. Ros til Syril jentene for at dei aldri ga opp sjølv om det vart mange mål i mot.

Idag spelte (mål i parantes):
Rebecca, Guro, Eivor (1), Ota (1), Kjerstin (2), Silje-Marie, Ingrid N, Andrea, Åsta-Johanne, Ingrid H (8) og Kristiane (5).