Jonny Pedersen – kåra til Årets trenar

Jonny Pedersen – vart hedra med prisen som «Årets trenar» på handballen sitt regionsting i Bergen sist helg.

Juryen si grunngjeving:

Jonny Pedersen har frå han engasjerte seg i klubben frå 2007, med sine evner til å skape resultat – bidrege med ei kontinuerleg positiv utvikling av spelarar og lag.

I tillegg til å vere fagleg dyktig har han vore særleg dyktig til å innarbeide gode holdningar (”å gå på trening for å trene og ikkje  bli trent”). Dette har resulterte i gode sportslege prestasjonar og stor entusiasme både hos spelarar, trenarar, foreldre og støtteapparat (styre – sponsorar). Som ein del av utviklingsarbeidet har han og vore opptatt av bredde og bidrege til godt samarbeid med andre idrettar og fysiske aktivetar slik at det samla tilbodet og kvaliteten vedrørande idrett og fysisk aktivitet er betra for innbyggjarane i kommunen.

http://www.handball.no/p1.asp?p=27991