Fjaler kommunestyre gjekk i går inn for å fullfinansiere utbygging og rehabilitering av Dingemoen Idrettspark. Ein gledens dag for innbyggjarane i Fjaler.
Dette visar at Fjaler kommune tek ansvar for sine folk, og satsar på forebyggende helsearbeid blant store og små.
No vil vi få på plass nytt dekke i hallen, nytt dekke på kunstgrasbane, nytt treningsstudio, lagerrom og garasje for traktor, samt vedlikehald av taket.
Vi skal vere glad for at vi bur i ein kommune som tek sitt ansvar til fulle og er med på å styrke det frivillige arbeidet i bygda. Anlegget er i dag utnytta omlag 100% og eg trur nok at utnyttingsgraden på det nye treningsstudioet vil bli like høg.
På vegne av alle brukarane vil eg takke kommunestyret for denne fantastiske julegåva. Fjaler viser veg – god jul alle saman
Vidar Samuelsen – leiar Dingemoen Idrettspark
(Henta frå fjaler.origo.no)