Strålande innsats av vårt junior lag i søndagens KM.I første kamp møtte vi Høyang. Det vart ein jamn kamp som til slutt enda 3-3.
I kamp 2 var det Førde som var motstandar. Her bølga det fram og tilbake. Rett før slutt utlikna Førde til 3-3. Tida gjekk ut men Dale fekk ta avspark, skora og fekk godkjent 4-3 av dommar.
Florø 2 vart slått greit 3-1 i tredje kamp. Dette var den svakaste kampen til jentene.
Så kom overraskelsen: Førde hadde protestert på vårt siste mål og juryen tok den "historiske" avgjerda å gjere om ei dommaravgjerd i ettertid og sette resultatet til 3-3.
Frå å lede gruppa var vi no nr 3 og avhengig av å slå Stryn med minst 6 mål for å gå vidare. Jentene ga alt og prøvde verkeleg – men det stoppa på 5-0. Vi vart dermed slått ut utan å ha tapt ein einaste kamp.
Jentene fortjente verkeleg å få spele semifinale og finale eller bronsefinale idag etter god innsats.
Kristin, Ingvill, June, Ingrid, Kjerstin, Kristiane og Sandra gjorde dette til ein spennande søndag,
Lag | S | V | U | T | Mål for | Mål mot | Målforskjell | Poeng | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Førde | 4 | 2 | 2 | 0 | 14 | 5 | 9 | 8 |
2 | Høyang | 4 | 2 | 2 | 0 | 14 | 6 | 8 | 8 |
3 | Dale | 4 | 2 | 2 | 0 | 14 | 7 | 7 | 8 |
4 | Stryn | 4 | 1 | 0 | 3 | 4 | 10 | -6 | 3 |
5 | Florø 2 | 4 | 0 | 0 | 4 | 1 | 19 | -18 | 0 |
Les også IL Høyang sine nettsider:
http://idrlag.ilhoyang.com/?artikkel=1010&gruppe=3