Dale IL har i 2017 og 2018 arbeidd med å få på plass overordna retningslinjer for organisasjon og aktiviteten i Dale IL.
Utkastet finn du her Høyringsutkast Klubbhandbok for Dale IL
Det har vore påpeika frå gruppene og medlemane at må prioritere å arbeide for å få dette på plass. Styret er derfor glad for at vi no har klar eit utkast. Arbeidet hittil har vore på styrenivå i lag med gruppeleiarane i laget. Det er viktig at de som foreldre/føresette og medlemer no kjem med dykkar innspel til Klubbhandboka. Når denne er vedtatt blir den styrande for all aktivitet i gruppene og samspelet mellom desse.
Det har vore viktig for styret at vi kjem fram til eit kortfatta dokument som skal forankrast ut til alle medlemer, ressurspersonar, foreldre og aktive. Det er likevel mange faktorar som må omtalast, men vi håper vi har nådd målet om å gjere det så enkelt og forståeleg som mogeleg.
Det er årsmøte i idrettslag som skal vedta Klubbhandbøker og endringar i høve desse. Styret i Dale IL vart av årsmøte 2018 gjeve mandat til å forankre og vedta første utgåve av Klubbhandbok for Dale IL.
Utkastet blir sendt ut til alle medlemene i laget via medlemsregsteret i Klubbadmin. Her vil også føresette få denne til gjennomsyn og få høve til å gje sine innspel.
MEDLEMSMØTE:
Vi inviterer også til medlem- og foreldremøte for alle der ein kan komme med innspel til Klubbhandboka. Dato er ikkje sett endå, men vil bli publisert på nettside, i e-post og i sosiale media.
Har de spørsmål i høve utkastet så ta gjerne kontakt pr. telefon eller e-post til leiar.
FRIST for å gje høyringsinnspel: 30. november 2018.
Desse kan de sende til : linda.hovland@gmail.com
Mvh
Dale IL styre
v/leiar Linda Hovland
Mob 99 01 78 52