Ny siger til jenter 13/14

Etter ei spesiell oppladning til kampen – med alle 97 jentene på overnattingstur med lite eller ingen søvn – var vi spente før møtet med eit forsterka Hyllestad 2 lag.

Dale tok initiativet frå start. Midtvegs i første omgang tok Dale leiinga 1-0 etter flott langskot av Kristiane. Hyllestad utlikna på sin einaste sjanse i kampen. Dale gjekk til pause med leiing 2-1 etter mål av Rebecca. Dale hadde styringa på kampen men makta ikkje å skore fleire mål. Ballen gjekk i stople og tverrliggar eller trilla like utafor.Bakover hadde vi full kontroll.


Vi vann 2-1 på ein slapp dag der vi kunne hatt 2-sifra tal mål.


Andrea, Kjerstin, Kjersti, Sara, Ota, Amalie, Guro, Kristiane, Rebecca og Ingrid. 3 stod over.