Nytt låsesystem på plass i Fjalerhallen!

Det vil sei at dersom du vil nytte treningssenteret må du ha nøkkelkort og betalt treningsavgift.Nytt låsesystem er no på plass i hallen. Begge ytterdørene, dør mellom vestibyle og hall, dør inn til treningssenter, dør til garasjen oppe, og dør frå garasjen og inn til spinning-avdeling har no fått elektroniske dørlåsar.

Største endring for brukarane er at ytterdørene er utstyrt med endring vrider. Vri mot venstreog trekk døra til deg for å opne. I normal opningstid, dvs litt før skulen startar om morgonen og fram til klokka 22:00 om kvelden på alle vekedagar, vil elektronikken på begge ytterdører vere utkopla. Då treng ein ikkje nøkkelkort for å komme seg inn i hallen. Skal du inn i hallen på andre tidspunkt, eller nytte treningssenteret må du ha eit nøkkelkort. 

Dei som ønskjer tilgang til vårt nye treningssenter må kjøpe nøkkelkort og treningsavgift. Dette kan du gjere i nettbutikken vår: Velg nettbutikk på høgre side, og kjøp den tilgang du ønskjer. Hugs at du første gang må kjøpe nøkkelkort også.

Når kortet er kjøpt på nett, så vil det bli produsert og ferdige kort kan hentast på Sørviskontoret på Fjalerhuset (ein må rekne med inntil 2 virkedagar for produksjon av kort).

Når det gjeld dei som har kort i eigenskap av å vere trenar, så treng ein ikkje fleire kort. Men trenarar/leiarar må også kjøpe treningsavgift for å nytte treningssenteret.

Dei som har støtta innkjøp av utstyr og har rett på rabatt på kr.500,- for første årskort, kontakt Marit Øen for rabattkode. Info finn du på heimesida.
Har du spørsmål så ring Vidar på 97037525 eller send epost til vidar.samuelsen@enivest.net 

Lykke til!