Oppkøyring til handballsesongen 2011/12

J16, J18 og damelaget startar oppkøyring til den kommande handballsesongen.

Det vert fellestrening kvar tysdag, torsdag og fredag fram til vi tar ein liten ferie i juli. Tysdag og fredag fokuserer vi på skadeforebyggande trening, styrke og spenst. Torsdag er det handball som er prioriert.
Første trening er tysdag 24.mai kl. 20:00.