OVER OG UT I DANA CUP

Både smågutane og småjentene rauk i dag ut av B-sluttspelet i Dana Cup. Dermed kan begge laga våre no konsentrere seg om andre ting enn fotball dei siste dagane av opphaldet i Danmark.

Jentene tapte 4-2 for det svenske laget Kungshamn/Smögens IF. Kristiane Løseth Haugen scora begge måla. Jentene låg under 3-0, men ei sterk opphenting gjorde at det stod 2-3 og  dermed var full kamp mot slutten. Dale kasta alt framover på slutten for å få utlikning, men i staden avgjorde svenskane kampen i sluttminutta og vann dermed 4-2.


For gutane sin del vart det tap 2-1 mot det amerikanske laget Stars’n Stripes. Simen Stølen scora målet vårt i ein kamp der vi var best spelemessig, men sleit fælt med presisjonen i avslutningane.