PÅ TRYGG PLASS FOR FØRSTE GONG I ÅR

Med siger 3-1 over Skavøypoll på kunstgraset på Dingemoen fredag kveld er vi for første gong hittil i sesongen over nedrykksstreken.
Sigeren var full fortent etter spel og sjansar, men på slutten vart vi litt «heite i hauet» og kunne fort ha rota det til.Tor Ivar si strafferedning like før ordinær tid var ute redda nok oss frå nokre særs hektiske overtidsminutt.

Etter denne sigeren og gunstige resultat i dei andre kampane er vi no oppe på 8. plass. Det er tett som hagl både framfor og bak oss på tabellen, så her er ingenting avgjort. Likevel har vi no den fordelen at vi styrer dette sjølv og at vi dessutan er har vist ei stigande formkurve i motsetnad til eit par av laga vi kjempar mot.

Dagens Dale-spelar:    Jan-Anders T. Wichstrøm

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Skavøypoll 3-1 (3-1)
Dingemoen idrettspark
Ca. 120 tilskodarar

Mål:
1-0 29 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
2-0 36 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
3-0 38 min. Nicolai Macpherson
3-1 43 min. Eivind Lillebø

Gule kort: Idar Haugen Rochlenge, Magne Hillersøy, Dale og Chris Nedreberg Silden, Kim Andrè Gangeskar, Skavøypoll

Raudt kort: Rune Myre, Skavøypoll (2. gule, 87. min)

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Nicolai Macpherson, Simen Stølen, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Tommy Holm (for Simen i 68. min), Magne Hillersøy (for Nicolai i 78. min), Sander E. Dyrstad (for Jan-Anders i 90. min), Richard Skår, Christopher Skadal, Vegard Vesterås